Generelle retningslinjer for personvern
Desse retningslinjene for personvern skal hjelpe deg med å forstå korleis Sognenett AS («me», «oss», «vår») nyttar og ivaretek data som du deler med oss når du vitjar og nyttar www.sognenett.no («nettstad» «nettside», «nettenester»).
Me forbeheld oss retten til å kunne endre på desse retningslinjene til einkvar tid og du vert varsla snarast om desse endringene. Om du ynskjer å halda deg oppdatert på dei seinaste endringane anbefalar me deg om å vitja denne sida med jamne mellomrom.
Kva brukardata samlar vi inn?
Når du vitjar nettstaden kan me innhente følgjande data: Di IP-adresse. Din kontaktinformasjon og e-postadresse, anna informasjon som interesser og preferanser, dataprofil angåande din onlineåtferd på vår nettside.
Kvifor vi samlar inn dine data?
Me innhentar informasjon om deg av fleire grunnar: For å betre forstå dine behov, for å forbetre våre tenester og produkt, for å sende deg e-post med informasjon og tilbod me trur du finn interessante, for å kontakte deg i forbindelse med utfylling av spørjeundersøkingar og personlege preferansar, og for å beskytte og ivareta dine data.
Sognenett forpliktar seg til å ivareta dine data og halde det konfidensielt. Sognenett har gjort alt i si kraft for å forhindra datatjuveri, uautorisert tilgang, samt avdekking ved å implementere dei seinaste teknologiar og software som hjelp oss med å beskytte all informasjon me innhentar på nett.
Når du tillet vår nettstad å bruke informasjonskapslar, tillet du òg å la oss nytta data den samlar angåande di onlineåtferd (analyse av web-trafikk, web-sider du nyttar mest, samt nettstadar du vitjar).
Dataen me samlar inn ved å nytta informasjonskapslar vert brukt til å tilpassa nettsida til dine behov. Etter me har brukt informasjonen for statistikkanalyse, vert datainformasjonen fullstendig fjerna frå våre system.
Merk at informasjonskapslar ikkje let oss ta kontroll over din PC, nettbrett eller telefon på nokon måte. Informasjonskapslane vert utelukkande nytta for å monitorere kva sider du finn nyttige eller ei. På den måten kan me tilby ein betre oppleving for deg.
Om du ynskjer å deaktivere informasjonskapslar, kan du gjere det ved å gå inn på innstillingane til nettlesaren din.
• Chrome
• Firefox
• Opera
• Explorer
• Safari
• Safari for iPhone og iPad
Lenkje til andre nettstader
Nettsida vår inneheld lenkjer som leier til andre nettsider. Om du klikker på ei av desse lenkjene, er Sognenett ikkje lengre ansvarleg for dine data og ditt personvern. Vitjing av dei nettstadene er ikkje innebefatta av denne personvernsavtala. Syt for at du les retningslinjene for personvern på nettstadane du vitjar gjennom Sognenett sine nettsider.
Begrensing av innsamling av dine personlege data
På eitkvar tidspunkt kan det vere at du ynskjer å begrense bruken og innhentinga av dine personlege data. Du kan få til dette ved å gjere følgande:
Når du fyller inn skjema på nettsida, hugs å sjekk om du kan la ein boks stå uutfylt, om du ikkje ynskjer å dele din personlege informasjon. Om du allereie har godtatt å dele personleg informasjon med oss, ta gjerne kontakt med oss via e-post og så skal me hjelpe deg med å få dette endra. Sognenett vil ikkje leige, selja eller distribuere din personlege informasjon til tredjepartar utan ditt samtykkje. Me kan gjere det om loven krever det. Din personlege informasjon vil bli brukt når me må sende deg marknadsmateriell om du godtek denne personvernerkleringa.